Som medlem i Aranjuez Bergen Gitar og Lutt Selskab på 80-talet fekk eg tilgang til eit konsertopptak av dette stykket. Opptaket var gjort på ein gammal Tandberg lydbandopptakar. Eg trur eg brukte fleire dagar og mangfaldige timar på å lytte til opptaket og skrive ned stykket på notar bit for bit. Det var eit brasiliansk stykke - noko av det flottaste eg hadde høyrt. Men det var både vanskeleg å skrive ned og sopass vanskeleg å spele at det tok mange år før eg våga å framføre det på konsert sjølv. Dette var lenge før ein kunne skrive notar på datamaskin, og lenge før den digitale musikkrevolusjonen. Når ein passasje på opptaket gjekk så fort at det var vanskeleg å høyre notane, var den einaste metoden å skru ned til halv hastighet på bandspelaren - då vart tonane lettare å skilje frå kvarandre. Men problemet var berre at tonehøgda vart ein oktav djupare, og det gjorde at det ikkje alltid var så lett å høyre likevel. (Vel, dette skulle liksom berre vere ei kort innleiing...)

Ein kan også endre tonehøgda. Dersom ein td. har ein elev som ynskjer å spele eit stykke der strengane er stemt ned ein halv tone, så er det ofte ganske kjedeleg å stemme heile gitaren ned for å skrive ned notane eller tabulaturet. Nei, då er det mykje enklare å stemme opp musikken i staden! Andre bruksområde er å transkribere talar, føredrag, forelesningar, øving (play-along), karaoke mm.
Sjekk ut dette geniale programmet på http://www.seventhstring.com/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar