Sidan dette skal vere ein blogg om tips i musikalsk retning, så blir mitt fyrste innlegg om Roland Edirol R-09. Denne vesle digitale opptakaren har vore ein liten revolusjon i mi musikalske verd, og for den saks skuld på andre, meir umusikalske område også. Dette er ikkje nokon reklamekampanje, men for meg har bruken av denne opptakaren gjort livet enklare på mange område.
Når eg tidlegare fekk ein idé som eg ikkje ville gå glipp av, måtte eg skrive ned notane før eg gløymde ut alt, og det kunne ta ganske lang tid. Eg måtte jo også ta stilling til korleis notane skulle vere, kanskje var det ganske kompliserte notebilete som måtte til. I ein travel kvardag er det så utruleg mykje enklare å berre trykke på to knappar, og ta det opp i wav-kvalitet eller heilt grei mp3-kvalitet. Så er det lagra, og kan brukast seinare. Det kan leggjast ut på nettet i ein fart, eller brennast til CD.
Eg har også brukt denne opptakaren til å gjere opptak av elevar, mine eigne born sine musikalske innspel (så kvifor hadde eg ikkje denne for 15 år sidan....), førelesningar (så eg kan høyre dei glupe orda fleire gonger), eller konsertar som eg spelar sjølv, eller tek opp av andre. Øvingar er også lure å ta opp, for då vert det aldri diskusjon om korleis vi spelte den og den låten. Og sist, men ikkje minst - den kan også gjere meg nervøs, så får eg trent på konsertsituasjonen før det vert alvor. Etter eit frustrerande mellomspel med MiniDisk (som eg også sjølvsagt måtte investere i), er vi altså for alvor komen over på eit funksjonelt nivå, der ein enkelt og greitt kan ta opp alt ein måtte ha bruk for.
Ein kan høyre seg sjølv som om det var i Nidarosdomen om ein vil ved å trykke på reverb-knappen, og det er lagringskapasitet til omlag 6 timar ukomprimert lyd, eller omlag 66 timar med mp3 i 128 Kbps, vel og merke dersom ein nyttar eit 4 GB SD-kort.
Men er det verkeleg ingenting som er feil med dette apparatet? Mi erfaring er at det er viktig å oppdatere den interne programvaren via internett. Då eg fekk den gjekk det ikkje an å bruke større SD-kort enn 2GB. Etter oppgraderinga kunne ein bruke 4GB. Men ein må også vere klar over at ikkje alle typar SD-kort fungerer like godt. Den siste modellen som er ute no (men som eg altså ikkje har sjølv), har ein liten høgtalar på baksida, slik at ein kan høyre lyd frå opptaket utan hodetelefonar. I tillegg er det også ein knapp som regulerer hastighet ved avspeling.
Alternativ? Det finst andre liknande digitale opptakarar å velje mellom, og både Zoom, Tascam er døme på produsentar som ynskjer å vere representert i denne marknaden. Kanskje andre har erfaringar å dele med nokre av desse?
http://www.ediroleurope.com/product_overview.php?productID=4056338&country=GB
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar